Den overordna logoen er inspirert av landskapet i Sogn og Fjordane - med høge, bratte fjell, hav og fjord.
Sjølv om musea dekkjer forskjellige fagfelt, har dei alle dette fellestrekket.
Logosymbolet dannar eit «fjell» som vi kan lese som ein M, for Musea blant fjord og fjell.
Forma i midten dannar eit hus, som speglar musea sitt blikk mot historia sine bygningar (til dømes naust, støl, osv.) og kvardagsliv. Husforma symboliserer også vern, i dette tilfellet musea sitt vern om sine samlingar.
I logosymbolet kan vi også sjå to delar som smeltar saman, som symboliserer notid og fortid, kunst og kultur – som kjem saman til ein heilskap.
Forma på logoen er stram, konkret og tydeleg, og logoen speglar musea sin sterke kompetanse. Det stramme, enkle uttrykket symboliserer musea si moderne og framtidsretta tilnærming.
Forma er sterk, er godt synleg, har høg gjenkjenningsfaktor, og den understrekar Musea i Sogn og Fjordane som ein tydeleg aktør med ein sterk identitet. Teksten si plassering under «fjellet» er også ei abstrakt visualisering av fjellet si spegling i havet.